|
Fjell og naturguiding i Hardanger
Er du i Hardanger på gjennomreise eller ferie og har lyst på ein fjelltur, men er usikker på kvar du skal gå eller kor dei gode utsiktsturane fins ?
Nyt Hardanger vil losa dykk frå fjorden og opp i fjellet for å visa spektakulær hardangernatur. Me tilbyr alt frå friske toppturar til rolege vandringsturar til store og små fossefall, rolege fjellvatn, gamalt kulturlandskap, gamle stølar, gamle sel, steinbu og naturvernsområde.
Fortel oss kva du vil sjå og me guidar deg fram.
Turane vert tilpassa og tilrettelagt for enkeltpersonar, mindre grupper, familiar, eldre og andre eventyrlystne. Me stoppar gjerne opp i lavvoen på Krokavatn for å ta ein matbit.
Pris etter avtale og innhold av aktivitetar.
Kontakt Lars Kristian for ein prat om aktiviten.
post@nyt-hardanger.no
Telefon: 95139565
Vandring i kulturlandskap

V Vandring frå støl til støl
|
Lars Kristian Skår - turguide.

Allsidig friluftsmenneske, primus motor og turgeneral.
Motto: "Ha hovudet i skyena og beina på jorda, men pass vel på at du ikkje slitna på midten"
Torgrim Skår - turguide.

Ihuga aurefiskar og nybaka jeger.
Motto: Ingenting skal vera uprøvd, gje gass ,da går fint!
|