Kva skjer i sommar/haust:

 

Fjell og naturguiding

 

Opplæring i småviltjakt

 

Leirdueskyting.

 

 

 

Linkar:

Blogg -følg med !

 

 

 

 

Kontakt:

 

Nyt Hardanger

v/ Lars Kristian Skår

Heradstveitvegen 203

5620 Tørvikbygd

 

Tlf: 95139565

 

post@nyt-hardanger.no

 

 

 

 

 

 

 

10 September startar småviltjakta 2011. Nyt Hardanger har eit ønskje om å rekrutera nye jegrar til denne fantastisk spanande aktiviteten. Småviltjakt er på veg tilbake og ein ny generasjon med jegrar har byrja å klø i  avtrekkarfingen. Det går til og med rykte om at kvar 5 person som tar jegerprøven er ei jente. Gamlegutta som gjekk på jakt før i tida er no svært så gråsprengte, tungpusta og trege at ein ny generasjon med jegrar lyt overta gamle tradisjonar. Det er ikkje alltid like lett å finne informasjon om kvar ein kan jakte og korleis ein skal oppføre seg. Nyt Hardanger vil i åra framover hjelpe nye jegrar, unge og voksne , til og med jenter er velkommen,  til å komme seg i gang med med ekte friluftsliv.

 

Etter 10 år med småviltjakt har underteikna nok kunnskap til å lære vidare grunnleggjande kunnskap om reglar og lover og korleis bli ein sjølvstendig jeger. Nyt Hardanger kan ta med ungdom frå 14 år ut på opplæringsjakt. Frå personen er 18 år, må ein ha teke Jegerprøven. Jegerprøven kan ein ta gjennom ein lokal klubb i NJFF.

 

Viktige linkar og nyttig informasjon:

Inatur

Norges jeger og fiskarlag:

 

 

 

 

Lars Kristian Skår

 

 

 

 

 

 

Aktiviteter :

 

 

 

 

Opplæring i småviltjakt 2011

 

Osafjellet

 

Har du lyst å vera med på opplæring i småviltjakt? Meld deg på jaktcamp på Hardangervidda eller Osafjellet (Ulvik), den 15 til 17 September. Det vert kun 2 plassar/personar pr jaktguide. Jaktguide er Lars Kristian Skår og Torgrim Skår. Pris pr deltakar ca 1500 kr. Meir info kjem.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Torgrim Skår

 

 

 

 

15 September smell det !

Nyt-hardanger.no © 2010

Opplæring i småviltjakt